NM terrengløp og NM terrengstafett

Strandebarm 1. - 2. april 2017

2017-03-09
Tom Roger

NM Terrengløp 2017 korte løyper vert arrangert i Strandebarm 1.-2. april 2017.

 

Transport til Strandebarm

Dersom ein kjem til Strandebarm via Bergen Flesland Flyplass er det enklaste å leige bil på Flesland. Det er òg råd å nytte busstransport; enten Flesand, Bergen Strandebarm, eller Flesland - Nesttun - Strandebarm. Dersom ein treng hjelp til transport kan ein kontakte Strandebarm Idrettslag for assistanse. 

Kontaktinfo for Strandebarm Idrettslag:
Knut Øystein Fosse      knof@kvam.kommune.no    91618769
Sverre Sørnes,             svesor@msn.com               91142916
Johannes Skogseide Børsheim, jborsheim58@hotmail.com       46907372 

Overnatting
Strandebarm Sportell ligg berre nokre få meter frå NM-løypene.
Strandebarm Idrettspark med garderobane til NM løypene samt friidrettsbane og joggeløype ligg også berre få meter frå Sportellet.

Kontaktinfo for Strandebarm Sportell:
Epost: post@strandebarmsportell.no   (eventuelt: sverresnor@netscape.net)

Tlf: 56 55 14 50
Mob: 911 42 916, 915 53 336  

Tidskjema Laurdag 1. april
1300: Opning
1315: 2 km J15 – J16 – J17
1335: 2 km G15 – G16 – G17
1355: 2 km kvinner junior
1415: 2 km menn junior
1430: Premieutdeling
1445: 2 km kvinner senior og veteranar1
1505: 3 km menn senior
1530: 3 km menn veteranar
1545: Premieutdeling 

Tidsskjema Sundag 2. april
1200: Stafett kvinner senior (klubblag, «sprintstafett»)
1300: Stafett menn senior (klubblag, «sprintstafett») 

Stafettlaga består av to løparar som spring vekselsvis tre rundar kvar i den 1 km lange løypa. Dvs at den som byrjar spring 1,3 og 5 etappe, medan den andre løparen spring 2,4 og 6 etappe. Tilsaman 6 km der kavr spring 3 km kvar.

Link til påmelding Påmelding NM terrengløp

Ved påmelding blir det utstedt faktura fra eq-timing. Det er viktig at denne blir betalt innen tidsfristen for å unngå gebyrer og inkasso. Alle vill få refundert startkontingent mot kvittering.